– Eg er glad for å kunne seie at vi har levert stemning til staten i dag, sa leiar Gina Gylver i Natur og Ungdom under eit frukostseminar som organisasjonen heldt saman med Naturvernforbundet tysdag.

Fjorddeponiet i Førdefjorden og gruveprosjektet til selskapet Nordic Mining i Engebøfjellet i Sunnfjord har i ei årrekkje vore omdiskutert. Både Natur og Ungdom og Naturvernforbundet har engasjert seg i saka over lang tid og medlemmer i dei to organisasjonane har mellom anna lenka seg fast til anleggsmaskiner på fjellet for å prøve å stanse prosjektet. No byter dei ut sivil ulydnad med eit forsøk på å få gjennomslag i rettssystemet.

Prøvd alt anna

Under seminaret var Gina Gylver klar på at det å saksøkje staten er ei stor forplikting.

– Det er dyrt, tidkrevjande og tek masse kapasitet. Men det er ikkje tilfeldig at vi gjer det i akkurat denne saka, sa Gylver.

– Vi har brukt alle moglegheiter til å prøve å påpeike feil i den formelle prosessen. Vi har blitt overkøyrt av departement og ministrar som meiner at dette prosjektet er noko ein berre må gjennomføre uansett. No saksøkjer vi staten for feil rollebruk og feil prosess i denne saka, sa leiar Truls Gulowsen i Naturvernforbundet.

Usikker på resultatet

Under seminaret var både naturvernarar, biologar, juristar og forskarar til stades. Gjennom ulike innlegg og ein panelsamtale ønskte naturvernorganisasjonane å opplyse publikum om kvifor dei går til søksmål og kva konsekvensar prosjektet får om det blir gjennomført. I tillegg blei det vist til at staten ved fleire høve har bede aksjonistane som driv sivil ulydnad om å i staden nytte lovlege verkemiddel for å kjempe for saka si. Likevel er det berre ein mikroskopisk del av sakene i det norske rettssystemet som er miljøsaker. Fleire av innleiarane på seminaret peika på at hovudgrunnen til det er at prisen for å føre ei sak for retten i Noreg er uforholdsmessig stor.

– Tanken om at domstolane er ein stad der ein effektivt kan hindre tiltak i å bli gjennomført er i dag ein illusjon. Når domstolane argumenterer for at ein heller bør føre saka si for retten enn å drive sivil ulydnad tar dei på seg eit ansvar for å gjere desse sakene tilgjengeleg for folk. Det er vanskeleg å seie kva resultatet blir i denne saka, men eg trur likevel at søksmålet vil byggje ein ny stein på eit byggverk kor ein jobbar for å endre dei grunnleggjande saksbehandlingsstrukturane, sa jusprofessor Ole Kristian Fauchald ved UiO under panelsamtalen.

Tre hovudinnvendingar

Stemninga frå naturvernorganisasjonane er omfattande. Stemninga i seg sjølv er på 70 sider. Tek ein òg med dei 150 bidraga som er med utgjer søksmålsgrunnlaget over 3.000 sider. Under seminaret la ein av advokatane til organisasjonane fram ein kortversjon av kva stemninga inneheld.

– Heilt kort har vi tre hovudinnvendingar. For det første så byggjer desse løyva på ei uriktig forståing av EØS-rettslege krav. For det andre finst det eit betre alternativ til driftsforma Nordic Mining legg opp til. Det burde vore undersøkt og vurdert og ein burde pålagt selskapet å drive dette på ein annan måte. Det tredje er at miljøkonsekvensane vil bli meir alvorlege enn det som ligg i løyva, sa advokat Amund Noss i CMS-Kluge under innlegget sitt på seminaret.

(©NPK)