No trenar han med Sogndal

Ørjan Hopen har valt å forlate Levanger, etter to sesongar for Trøndelags-klubben. No trenar han med Sogndal. Her er han avbilda frå ein cupkamp mot Rosenborg i 2015.

Ørjan Hopen har valt å forlate Levanger, etter to sesongar for Trøndelags-klubben. No trenar han med Sogndal. Her er han avbilda frå ein cupkamp mot Rosenborg i 2015. Foto:

Fotball: Ørjan Hopen er tilbake i Sogndal, etter to sesongar i Levanger.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Treningsopphaldet i Sogndal skal vere for å halde seg i form, etter at 24-åringen har bestemt seg for å forlate Levanger. Det blir meldt av nettstaden fotballkanalen.com.

Midtbanespelaren vel å forlate klubben, sjølv om han ifølgje nettstaden ikkje har nokre konkrete tilbod på bordet.

Hopen slo igjennom for Sogndal i 2011, i sesongen då hans venstrefot var frykta på dødballar. Hopen scora seks mål dette året, blant anna direkte frå ein corner.

Etter dette har han vore på utlån til Bryne og Nest-Sotra, før Levanger, der han ar spelt i to sesongar.

24-åringen har ifølgje nettsida vurdert fleire kontraktstilbod frå Levanger, men valde likevel å takke for seg.

Han meiner tida var inne for eit klubbskifte.

– Dette var ei avgjersle eg gjorde sjølv. Eg har hatt to fine år i Levanger, men kjente no at det var på tide med eit miljøskifte og nokre nye impulsar.

Artikkeltags