Lettare og moderat skadde etter at garasjetak blåste på dei

To personar blei skadde då eit garasjetak blei teke av eit vindkast.

To personar blei skadde då eit garasjetak blei teke av eit vindkast. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Dei to personane som blei skadde i samband med at eit garasjetak blei rive av fredag kveld på Sande, er lettare og moderat skadde.

Det melder Helse Førde.

Ei 44 år gamal kvinne fekk moderate skader medan ein mann på 35 år har lettare skader.

Ulykka skjedde i Steiafeltet på Sande rundt 18.30 fredag kveld.

Firda-journalist Ole Johannes Øvretveit var ved Steiafeltet. Han fortel at trebygget på toppen av betonggarasje blei knust til pinneved då eit vindkast tok taket med seg. 

Brannvesen, fire ambulansebilar, èin luftambulanse/akuttlegebil  og politi var på staden etter ulykka.