Teksten vart først publisert på Øvretveit sin Facebook-profil og er direkte sitert.

Då eg var liten - og faktisk til langt opp i langt forbi pinleg alder - drøymte eg om å spele spiss på eit av verdas beste fotballag. Å være Gazza, eller George Best, eller Mario Kempes, ein slik.

Og no er eg der.

Ikkje på Real Madrid, ikkje på Bayern-München, ikkje på Liverpool. Men i Firda. Kåra av våre fagfellar til Norges beste, viktigaste, mest gjennomprofesjonelle lokale nettstad. Faktisk.

Norges beste.

Og det veit lesarane våre.

Innerst inne.

Jada, dei ergrar seg over serien «Mitt bryllaup», og alle småsaker om – ja, småsaker, at vi ikkje skriv om folk som får Kongens fortjenestemedalje, og at budet legg avisa i naboen si postkasse – lørdag etter LØRDAG ETTER LØØØØØRDAG!!!!!!!!!

Men dei veit at skjer det noko verkeleg viktig, noko som får noko å seie for kvar einaste ein av dei, då er Firda der.

Og så må jo dei som er interessert i alle dei tinga du ikkje er interessert i, få det dei vil ha, dei og.

Vi er - for dei aller fleste av lesarane våre - blitt ufatteleg mykje bedre enn vi var.

Vi er faktisk landets beste lokalavis på nett. I konkurranse med Fædrelandsvennen og Asker og Bærums budstikke. Begge kjem ut i byar med meir enn 100.000 innbyggarar. I heile Sunnfjord bur det 43.000 innbyggarar.

Med halvparten av ressursane slo vi dei.

Det er omtrent som den gongen Gaular J13-14 slo Sogndal og vart fylkesmeistrar. Det skal eg no forresten skrive eit langt og tåredrypande innlegg om ein dag.

Laget vårt vann.

Og det laget er eg ein del av.

Ein durkdriven gjeng snushanar, skribentar og fotografar med ei levande interesse for journalistfaget.

Å sitte på desken i Firda saman med Astrid Iren Solheim Korsvoll og Bent Are Iversen og dunke ut saker som lesarane hiv seg over, og sjå at siste ti minutt var det 250 lesarar som las artikkelen min om Kjetil Bjørset, å sjå Astrid hamre inn sju artiklar på ein dag (det er ikkje så mange som kan gjere det), å høyre Bent Are setje kven som helst til veggs så dei skrik om nåde, det er som å spele på eit lag på Norway cup som vinn alle sine kampar, dag etter dag.

Eg er kanskje ikkje spissen, men eg er i alle fall sentral på midtbana. Eller kanskje heller venstrebacken som stort sett brukar tida til å forsvare fortet, men som av og til tek seg eit raid framover, og ein hende gong scorar eit mål.

John Arne Riise.

Det er der eg er.

Og slik eg føler meg.

Eg vart aldri Gazza eller George Best. Men dei gjekk no på dunken i spriten lenge før dei var så gamle som eg er no.

Og eg spelar framleis på topplaget.

Men ein ting lurer eg på: Kvifor tener John Arne Riise så mykje bedre enn meg?

Dette er ikkje kritikk av leiinga i Firda. Det er å påpeike eit samfunnsproblem.