Lektorlaget sa nei til forslaget til meklaren i lønnsoppgjeret i KS. Frå onsdag 8. juni går organisasjonen ut i streik, men ingen medlemmer er førebels tekne ut i streiken.
Streiken gjeld alle fylke og kommunar med unntak av Oslo, opplyser Lektorlaget i ei pressemelding.
Det er rett nok førebels ikkje teke ut namn på medlemmer som skal gå ut i streik.
– Vi er likevel i streik som organisasjon, og streiken blir trappa opp ved skulestart. Dei som eventuelt blir tekne ut i streik, vil få tydeleg beskjed om dette. Konflikten inneber at våre tillitsvalde skal leggje ned det vanlege samarbeidet med lokal arbeidsgivar, seier leiar Helle Christin Nyhuus i Norsk Lektorlag.
(©NPK)