Klokka 11.10 torsdag fekk 110 Vest melding om at det har leke ut farleg gods på Moøyane i Sunnfjord kommune.

Lars Petter Lorvik, vaktkommandør i 110 Vest, fortel til Firda at det er snakk om stoffet hydrogenperoksid. Hydrogenperoksid er oksiderande og etsande. Det blir mellom anna brukt i produkt som reingjeringsmidlar, desinfeksjonsmidlar og som bleikemiddel.

– Det er ein mindre lekkasje. Det har leke frå ein 25 litersdunk, vidare ut på asfalt og ned i ein utskillar, seier han.

Vaktkommandøren fortel at det ikkje er meldt om personskader som følge av hendinga og at det er heller ikkje skal vere fare for at stoffet vil kunne gjere anna skade.

Han skildrar hendinga som udramatisk.

Brannvesenet frå Vassenden og Førde, i tillegg til politiet er på staden.