– Heimesjukepleia meldte inn at mannen var sakna, sa operasjonsleiar Tore André Brakstad til Firda torsdag morgon.

Alarmsentralen i Florø sende meldinga til politiet. Ettersom mannen har demens sette dei umiddelbart i gang ein leiteaksjon.

Mannskap frå Røde Kors og Norske Redningshunder vart kalla ut, og ein halvtime seinare var søket i gang.

Leitte på Skei

Mannen bur aleine i ein omsorgsbustad på Skei. Sikkerheitsteknologi varsla heimesjukepleia om at han moglegvis kunne ha forlate bustaden sin seint i natt.

Då dei kom fram, kunne dei ikkje finne han nokon stad.

– Uroinga vår er knytt til at mannen har demens, og at vi ikkje veit om han er kledd for eit surt haustvêr, sa Brakstad då.

Mannskapa leitte på stader det kan vere sannsynleg at vedkommande har oppsøkt, og langs vegar og Jølstravatnet. Det var ikkje kjent kva klede mannen hadde på seg.

Stadig fleire blir med på aksjonen

Grunna vêr og mørke var ikkje helikopteret på plass før på føremiddagen. Klokka 10.00 vart redningshelikopteret i Florø sett inn i søket. Røde kors var på staden med 13 mannskap

Klokka 10.14 fann heldigvis redningshelikopteret mannen. Det stadfestar operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen ved Vest politidistrikt overfor Firda.

– Han vart funnen av redningshelikopteret i terrenget bak Cirkle K på Skei. Han er ok, men litt kald og våt, og vart teken hand om og køyrd til Førde sentralsjukehus, seier han.

I etterkant kan ein frivillig som var med på leiteaksjonen fortelje at mannen vart funnen i terrenget ved miljøstasjonen på Åland, og ikkje ved Cirkle K.

– Då redningshelikopteret kom til Skei leitte dei først kring vatnet ved skulen, før dei for mot Åland. Der fann dei han i ei steinur, seier den frivillige som ønsker å vere anonym.