Gå til sidens hovedinnhold

Leitinga er over: Håvar er den nye redaktøren

Håvar Fagerli (45) er no tilsett som dagleg leiar og ansvarleg redaktør i Fjordenes Tidende AS.

Styret i Fjordenes Tidende har tilsett Håvar Fagerli (45) som ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar. Det kjem fram i ei pressemelding måndag.

Fagerli kjem frå jobben som områdeleiar eigedom i Vestland fylkeskommune. Den nye redaktøren er utdanna lærar og har arbeida som avdelingsleiar ved Måløy vidaregåande skule og Eid vidaregåande skule. Fagerli har tidlegare også jobba som journalist i Fjordenes Tidende.

– Eg er takksam ovanfor styret som vil satse på meg som ansvarleg redaktør og dagleg leiar for det største mediehuset i Nordfjord. Det er ei stor ære å få denne sjansen, seier Fagerli i pressemeldinga.

Fjordenes Tidende har om lag 4.500 abonnentar og 10.000 lesarar, og er heileigd av Sunnmørsposten AS.

– Vi er særs nøgd med tilsettinga av Håvar Fagerli som ny eineleiar i mediehuset. Han er ein samfunnsengasjert person med solide leiareigenskapar som vil styrke det gode teamet vi har av journalistar og marknadsrådgjevarar i Fjordenes Tidende, seier styreleiar Frank Støyva Emblem.

Fagerli vil starte i stillinga 1. februar 2022.

– Eg gler meg stort til å samarbeide med dei dyktige og engasjerte medarbeidarane i Fjordenes Tidende, avsluttar Fagerli.

Kommentarer til denne saken