Leiter etter sakna person i Sogn

Naudetatar søker etter ein 29 år gamal mann i Aurland i Sogn.

DEL

– Personen er meldt sakna av familien, og dei har ikkje vore i kontakt med vedkomande sidan fredag, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt.

Han seier at politiet fekk melding om den sakna personen tidleg måndag, og starta full leiteaksjon klokka 14.00. Både politi, brannvesen og frivillige er med å søke etter vedkomande.

Foreløpig mistenker ikkje politiet noko kriminelt, og personen vart sist sett ved bustaden sin fredag kveld.

Torgeir Espedal er redningsleiar ved Hovudredningssentralen Sør-Norge.

– Personen som er sakna er ein 29 år gammal mann. Frivillig mannskap er i gang med leiteaksjon som politiet koordinerer. Redningshelikopter frå Florø er også på veg for å hjelpe til, seier han

Artikkeltags