– Leiteaksjonen i Dalsfjorden vil halde fram for fullt også torsdag. Miniubåten vil starte nye søk torsdag morgon, seier innsatsleiar ved Førde og Naustdal lensmannskontor, Øystein Russenes.
Han seier vurderingar rundt leiteaksjonen vil bli gjort kvar dag.
– Eg har fått signal om at dei frivillige stiller mannsterke opp også i morgon. Leiteaksjonen held med andre ord fram på same nivå som i dag, seier Russenes.
Det er torsdag ei veke sidan ein 46 år gammal mann vart sakna etter å ha falle over bord i ein båt i Dalsfjorden.

Les også
Søker med miniubåt i dag. Skal avgjere vidare søk i løpet av kvelden

Les også
Arnulf er med på leiteaksjonen: – Ein tragedie

Les også
Om lag 30 frå Leikanger har komme for å bidra i søket etter sakna familiefar