Leiteaksjonen i Askvoll held fram

LEITAR: Bjarte Engevik styrer båten Fjordtrygg. På taket sit Johannes Bolstad (27). Foto: David E. Antonsen
Ein tom båt vart funnen drivande. Ein mann i 30-åra er sakna.
Torsdag ettermiddag vart det sett i gang ein større leiteaksjon etter ein sakna mann på sjøen i Askvoll.
Helikopter, fleire fritidsbåtar, frivillig, dykkarar, Kystvakta og hundar frå Norske Redningshundar var med i søket etter mannen.
Natt til fredag vart det ein pause i leitinga for dei frivillige, medan Kystvakta og hundane framleis søkte.
Klokka 07.00 fredag morgon starta leiteaksjonen opp at for dei frivillige.
SISTE: Klokka 11.40 er det totalt 86 frivillige som er med og leitar.
Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33