Gå til sidens hovedinnhold

Leiteaksjon i Askvoll i natt

Torsdag kveld leitte redningsmannskap etter ei kvinne i Askvoll kommune.

Politiet fekk melding som gav grunn til bekymring kl. 20.28, og valde å slå alarm. Fleire politipatruljar, Røde Kors og redningshelikopter frå Florø leita etter kvinna.

Den sakna kvinna blei funnen kl. 00.10, rett over midnatt.

– Ho var bevisst og oppegåande, og blei sett til av helse, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt til Firda fredag morgon.