Politiet sette like før klokka halv åtte søndag kveld i gang ein redningsaksjon etter ein mann i Fjaler.
Mannen skal ha gått på tur frå Yndestad camping i retning Høgevarden søndag føremiddag. Klokka to sende mannen ein sms til ein kamerat om at han skulle vere nede igjen om rundt ein halvtime, opplyser opersjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.
Klokka 21.30 er mannen framleis ikkje komen til rette.
Politiet fekk melding om at mannen var sakna klokka 18.08.
– Då hadde vi ikkje opplysingar om at han hadde sendt denne sms-en. Men så kom det opplysingar om det, og det gjorde til at vi sette i gang ein redningsaksjon, opplyser Algrøy.
Søndag kveld blir det leita etter mannen, som er i 20-åra, med helikopter, Røde Kors og Norske Redningshunder.
Ifølge Algrøy er det noko uklart akkurat kvar mannen har gått på tur.