Operasjonssenstralen i Vest politidistrikt melder torsdag klokka 21.30 om ein leiteaksjon etter ei 19 år gammal kvinne i Førde.

Leiteaksjonen vert leia og koordinert av Vest politidistrikt.

Kvinna som det blir leita etter kom ikkje heim etter endt arbeidsdag på sjukehuset i Førde, og frivillige er no kalla ut for å bistå i søket. 19-årigen er også meldt sakna av familien på Facebook, der det blir vist til leiteaksjonen som pågår.

Operasjonsleiar Stein Rune Helleraker fortel til Firda klokka 21.26 at kvinna er ikkje kom heim til avtalt tid etter enda arbeidsdag, og at ho har vore sakna sidan 15-tida.

– Ho var sist sett på sjukehuset i dette tidsrommet, seier Helleraker.

Han fortel at kvinna hadde ein bil til sjukehuset, og at denne også vert leita etter av politiet, då den heller ikkje er lokalisert, seier Helleraker, som fortel at dei ønskjer tips i saka om det har vore observasjonar.

– Vi har no oppretta eit hovedkvarter for leiteaksjonen på lensmannskontoret i Førde, og det er no sendt ut frivillige frå Røde Kors, Norske redningshundar og Norsk folkehjelp, seier Helleraker, som ikkje per no har talet på kor mange som er kalla ut.

SISTE: Klokka 22.06 melder operasjonssentralen at dei er i kontakt med den sakna kvinna. Ho skal vere i fin form og uskadd. Leiteaksjonen er no avslutta.