– Vi har leita systematisk på nordsida av Lisjehesten, og dessutan på sørsida av Storehesten utan å finne noko sikker indikasjon på Frøya. Vi har vore ute med drone og helikopter med varmesøkjande apparat i fjellhyllene, fortel Oddbjørn Mulen.

Dei har sjekka alle stadane Frøya kan ha falt ned nøye. Håpet er at ho jaktar rundt nedanfor fjellet. Dersom ho er der, kjem ho raskt inn på kjende område.

Alle einslege hundespor er av interesse

Eigarane har saman med andre leita grundig etter Frøya sidan ho forsvann sist fredag, men det har vore få teikn til henne.

Ein observant person i Ospelia melde tysdag kveld om mogeleg los mellom Ospelia og nordsida av Lisjehesten. Området blei sjekka same kveld og etterfølgande dag utan å oppnå kontakt.

– Hadde eg høyrt henne ville eg visst om det var henne med ein gong.

Mulen har forhøyrt seg i området om nokon har liknande hund som kan ha laga lydane. Ingen av dei fastbuande har slik hund, men nokre av hyttebrukarane har.

– Alle einslege hundespor eller eventuelt loser (hund som jagar med bjeffelyd) er av interesse. Det skal ikkje vere lause hundar ute no, det er bandtvang. Difor kan det fort bety at det er henne, forklarar Mulen.

Mange vil hjelpe

Mange har teke kontakt med Mulen og ønsker å hjelpe til å leite etter Frøya.

– Eg synest det er vanskeleg sidan vi ikkje har noko haldepunkt. Der ein burde leita meir er det ikkje lett tilkomst for vanlege folk. Det ville vore i fjellhyllene.

Mulen har reist tilbake til Nordsjøen og får ikkje gjort mykje meir sjølv, men han har mange engasjerte folk i nærområdet som følger med.

– Det er flinke folk som er vande med å speide. Dei ser etter Frøya eller eventuelt etter ørn og andre dyr som kan vere ein indikator på eit dødt dyr.

Eigarane veit at Frøya ikkje har følgt hjortespora som det såg ut som om ho kunne ha følgt første dagen.

– Eg har ikkje gitt opp håpet, men eg er redd det kan ha skjedd noko. Det er sjølvsagt trasig for ungane.

– Eg har også høyrt om hundar som blir sky når dei har vore vekke mange dagar og som ikkje kjem tilbake sjølv om dei er i live. Det kan vere vanskeleg å få tak i dei då. Det kan også vere tilfelle, seier Mulen.

Har du sett Frøya? Eller har du sett einsame hundespor rundt Storehesten eller Lisjehesten: Ta kontakt med Firda på [email protected] eller ring 57833300.