– Vi har gjennomført søk, og sett etter køyretøyet. Vi har ikkje sett noko til det, og det har etter kvart knytt seg ein del usikkerheit i forhold til kvar konkret bilen kan vere, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen til Firda rett etter midnatt, natt til onsdag.
Politiet har i kveld leita etter ein 70 år gammal mann. Han skal ha køyrt til Nærøyfjorden for å padle der måndag kveld, melder Vest Politidistrikt på Twitter.
Politiet har ikkje sikre indikasjonar på at han faktisk har padla i dette området. Mannen køyrer ein raud Toyota Hiace, med ein raud kajakk på taket
Operasjonsleiar Johannessen seier politiet så langt har gjort det dei kan i området dei først fekk opplyst, utan resultat. Hovudredningssentralen har søkt med redningshelikopter, også dei utan funn.
– Vi har ingen konkret plass vi kan setje inn ein leiteaksjon med frivillige per no, seier operasjonsleiaren.
Politiet har ingen operative oppdrag rundt midnatt, og jobbar med å følge opp tips.
– Vi har fått nokre småtips som vi har undersøkt utan å kome nære noko løysing, seier Johannessen og legg til at tipsa omhandlar observasjonar av bilen.
Ifølge Bergens Tidende skal det blant vere snakk om ein observasjon av ein liknande bil i Gudvangen og rundt Stalheimskleiva.
Johannessen seier til Firda at politiet har oppretta sak, og starta etterforsking. Han seier at det i slike saker ofte blir henta inn informasjon frå til dømes banktransaksjonar og autopass-passeringar.
Om du har tips i saka ber politiet om at du tar kontakt på 02800.