Gå til sidens hovedinnhold

Leita etter mann i Aurlandsfjellet

Redningshelikopter søkte i Aurlandsfjellet torsdag kveld, etter melding om ein sakna mann.

Torsdag kveld fekk politiet inn melding frå ein son som var bekymra for faren sin. Faren hadde vore på fjelltur, og familien hadde ikkje høyrt noko frå han.

Politiet sette i gang leiteaksjon etter mannen, og søkte i området med redningshelikopter.

– Bilen til sakna vart lokalisert på ein parkeringsplass, som var eit naturleg utgangspunkt til tur, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit.

Klokka 23.09 meldte politiet at dei hadde gjort funn av sakna i eit telt, omtrent 300 meter frå parkeringsplassen.

– Mannen var i god behald, og hadde ikkje behov for helsetilsyn, seier Kolltveit.

Sakna hadde ikkje hatt dekning på staden, og fekk difor ikkje gje beskjed til familie om kvar han var.