Coop Nordvest og Gravdalgruppa eig kvar sin halvpart av prosjektet på hotelltomta på Vassenden. No er dei endeleg klare med kva dei ser føre seg at den kan nyttast til.
– Det er tre ting som må på plass for å få dette til. Det første er butikketableringa. Det andre er leilegheitene. Det tredje er å sørge for å bevare uttrykket på gamledelen av hotellet. For å lykkast med prosjektet må vi også få kjøpt nabotomta frå kommunen. Vi er no i dialog med dei om dette.
Det seier eigedomssjef Lars Ove Valaas-Breivik i Coop Nordvest.

Spente på reaksjonane: – Meiner vi har klart å løyse oppdraget på ein god måte
Dei ønsker å halde på gamledelen av hotellet, men rive dei nye delane. På nordsida av hotellet skal dei bygge butikk med tre etasjar med leilegheiter over.
Sør for hotellet, på sida som vender ned mot gamlebutikken, skal det byggast rekkehus med leilegheiter.
Om dei får kjøpe tomta på baksida av hotellet frå kommunen, ser dei føre seg å lage bustadar der også.
Her kan du lese meir om planane deira:

Her er planane for Jølster Hotell
Her er noko av det vi har skrive om Jølster Hotell tidlegare:

Coop bør satse på leilegheiter og kafé i Jølster hotell

Vassenden ventar i spenning på Coop-planane. Therese (28):– Kjekt at det skjer noko i bygda

Nærmar seg løysing for Jølster hotell: Berre eitt alternativ

– Ingen riving, seier eigedomssjefen om Jølster hotell
