No er desse to igjen bokaktuelle

STEIN: Fotograf Oddleiv Apneseth er bokaktuell igjen. Denne gang er fokuserer han på stein. Samarbeidet med Eva Røyrene det andre i rekka.

STEIN: Fotograf Oddleiv Apneseth er bokaktuell igjen. Denne gang er fokuserer han på stein. Samarbeidet med Eva Røyrene det andre i rekka.

Artikkelen er over 2 år gammel

KULTUR: Duoen Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth gir ut ny bok.

DEL

Dei stod bak praktverket «Norske låvar», og har no vendt fotolinser, skarpe blikk og ditto penn mot byggverk i stein. Boka har fått tittelen «Av stein», og blir gitt ut av forlaget Skald som har base i Indre Sogn.

Milevis av steingardar

– I boka viser forfattar og fotograf milevis av steingardar, vakre veganlegg, små og store steinhus reist av våre forfedrar, skriv forlaget i ei pressemelding. Dei har funne byggverk ved sjøen, på fjellet og ikkje minst i bonden sitt kulturlandskap der dei gamle murane fortel historier.

– Dei fortel om levemåten den gongen då stein var ein del av dei få ressursane mange bønder hadde rikeleg av, seier forfattar Eva Røyrane.

Men steinboka er langt frå den einaste som no kjem frå forlaget. Lista inneheld totalt åtte titlar.

Bok om kortreist mat

Blant dei er ein tittel signert journalist og forfattar Anders Totland og fotograf Marius Knutsen. Duoen står bak boka «DIGG – Gjer kvardagen til ein fest», ei bok om kortreist mat som er lett å lage i kvardagen, ifølge pressemeldinga.

Forfattar og fotograf Lisebeth Dreyer står bak boka «trær». Twitterpoeten Magne Velle er kjem for sine korthogde tekstar, og er no ute med den vesle og lågmælte boka «Med hjartet i fatle», ei bok illustrert av Per Ragnar Møkleby. Skald si haustliste inneheld også ei barnebok, ført i pennen av Simen Hagerup og illustrert av Rui Tenreiro; «Reisa til verdas farlegste land».

Artikkeltags