– Eg ser det som veldig uheldig at vikarane kan forlange tre til fire gonger så høge lønningar som fastlegane. Det vil skade primærhelsetenesta og legeyrket som profesjon, seier Leif Kapstad, pensjonert distriktslege og sjukehuslege frå Vassenden.
Han reagerte på artikkelen i Firda om at Hyllestad kommune vil bruke 17 millionar frå disposisjonsfondet til å dekke kostnadar for drift i 2023. Størstedelen av pengane går til vikarar og legar.

Hyllestad kommune brukar 17 millionar frå sparegrisen på drift. Ordføraren er bekymra
To forslag
Kapstad har to konkrete forslag til løysingar på kommunen sitt problem.
– Dersom det er mogleg å få til, så bør ein innføre ei maksgrense for lønn til legevikarar. Lønnstak for vikarar trur eg bør ligge på litt meir enn det som er gjennomsnittet for ein kommunelege. Ikkje tre til fire gonger meir. Det er uhøyrt, seier han.
Han meiner at vikarlegar forlanger urimelege lønningar og at dette vil kunne føre til at faste legar søker seg over som vikarar og reiser rundt framfor å bli verande i stillinga som fastlege i ein kommune.
Han meiner også at det er viktig å betre forholda for legar i distrikta.
– Eg trur tida er forbi for å ha berre éin fastlege i ein liten kommune åleine. Yngre legar ønsker eit fellesskap på jobb. Det er mykje meir komplekst å vere primærlege no enn for førti år sidan då eg dreiv med det. Det er mange nye krav og store endringar, seier han.
Han foreslår eit vaktsamarbeid mellom fleire kommunar. Han viser for eksempel til vaktsamarbeidet i Sunnfjord som han trur har endra belastinga mykje.
– Det har nok ført til veldig god rekruttering samanlikna med andre stader lengre ute i periferien:
– Kanskje må små kommunar gå saman med andre småkommunar om eit felles legekontor der dei kan samlast og trivast. Eg trur det bør vere minst fire legar på eit kontor for eit godt fagleg samarbeid. Det er nok mogeleg i dag å ha ein felles sentralbase med utekontor på mindre stadar, seier han.
Kapstad trur det viktigaste er at kommunane prøvar å lage til gode arbeidsforhold når det gjeld vaktsystem og at dei tilsette får avtalar om etterutdanning slik at det blir attraktivt å slå seg ned.
Behovet aukar
Sjølv hugsar Kapstad at det var mangel på legar då han var i arbeid også, men no har arbeidsmengda auka sterkt og ein han meiner ein treng fleire legar.
– Eldrebølga kjem, behovet aukar. Omorganisering på sjukehusa har ført til at pasientane blir raskare overførte til primærhelsetenesta. Generelt brukar folk helsetenesta meir enn tidlegare. Difor må meir ressursar inn, seier han.
Han meiner at det er staten sitt ansvar å syte for at kommunen får nok ressursar. Kommunen må finne ut korleis dei kan rekruttere legar også i distrikta.
– Ein konkurrerer med sjukehuslegane og både løn og arbeidsforhold bør difor vere minst like gode i distrikta som på sjukehusa, elles er slaget tapt.

– Lønsutgifter til vikarlegar har komme ut av kontroll
Kommunen svarar
Kommunedirektør i Hyllestad, Gjermund Flage, set pris på tilbakemeldingane Kapstad kjem med. Han er samd i at det blir brukt mykje pengar på vikarlegar.
– Det er ikkje til å stikke under stol at det kostar. Vi ser at det er vanskeleg å tilsette legar i heile landet og spesielt i småkommunar.
Flage fortel at kommunen har ein lege som jobbar fast. Så har dei tre andre vikarlegar som jobbar i turnus. Når dei har gått til vikarbyrået for å finne folk, har dei sett på ansiennitet.
– Vi kunne kanskje spart litt pengar, men for vår del har det vore viktig med ansienniteten, seier han.
Kommunedirektøren har lese Kapstad sitt lesarinnlegg, som vart publisert tidlegare i desember. Det å samarbeide med nabokommunane ser han på som ein god idé.
– Vi bør i alle fall sjå på moglegheitene for å skape eit nettverk mellom kommunane på enkelte område. Vi har det på agendaen, men vi må ta det i rett rekkefølge, seier han.