Gå til sidens hovedinnhold

Legg bak seg eit svært krevjande fjorår

Havyard Group gjekk 442 millionar kroner i minus i 2019.

Havyard-konsernet legg bak seg eit tøft fjorår som enda med eit årsresultat før skatt på minus 442 millionar kroner.

Det melder konsernet sjølve i ei pressemelding.

Hovudårsaka til dei store tapa er dei negative resultata i Havyard Ship Technology AS (HST) og effekten det har fått for dei andre konsernselskapa.

Forseinka prosjekt

Det er fleire årsaker til at fjoråret blei så dårleg som det vart: To nybyggeprosjekt, ein brønnbåt og ein pelagisk trålar, gjekk ikkje som planlagt. Båtane blei ikkje ferdige i tide og det var behov for mykje ekstra arbeidskraft. Det førte til negative konsekvensar for andre prosjekt.

Les også

Havyard har gått til tingretten for å forhandle om gjeld

Det blei etter kvart så ille at Havyard Ship Technology i november i fjor innførte betalingsstopp. Arbeidet med å reforhandle avtaler med reiarar, bankar og garantistar starta opp.

Ifølge pressemeldinga blei det gjort for å sikre byggelånsfinansieringa for dei aktive skipsbyggingskontraktane HST hadde då betalingsstansen blei innført.

11. februar 2020 blei det innført offentlege gjeldsforhandlingar i HST. Dei store tapa i dette selskapet er hovudforklaringa på tapa og forringelse av verdiar i Havyard Group ASA og dotterselskapa Havyard Design & Solutions AS og Norwegian Electric Systems AS, heiter det i pressemeldinga.

Nytt selskap

Konsernet har greidd å få på plass reforhandla avtaler, der delar av kontraktane er lagt over til eit nytt dotterselskap, New Havyard Ship Technology AS.

Les også

Havyard Leirvik må sette vekk bygging av eit heilt skip

HST har levert seks av dei sju skipa som var under bygging ved verftet då den vanskelege situasjonen oppstod i fjor. Det siste skipet, ei heilelektrisk ferje til Fjord1, skal leverast frå HST i august i år.

Kommentarer til denne saken