Klokka 05.13 i dag tidleg fekk 110-sentralen telefon frå ein lege som hadde køyrd seg fast i Eikefjord.
Legen bad om assistanse for å få bilen opp på vegen att. Brannvesenet reiste til staden.
– Dei hjelpte ho og det gjekk bra, seier Glenn Hamre, fungerande vaktkommandør hos 110 Vest.