Ved hjelp av eit heilt nytt radioaktivt sporstoff kan forskarar ved Haukeland sjukehus følgje med på spreiing av kreft i kroppen, skriv NRK.

– Dette er eit nytt sporstoff som skal gi oss meir informasjon om korleis krefttilstanden til pasienten er, og om den gitte kreftbehandlinga verkar som ein ønskjer, seier Cecilie Brekke Rygh, forskingskoordinator og prosjektleiar ved Radiologisk avdeling på Haukeland til kanalen.

Ved hjelp av PET-maskina vil forskarane kunne sjå både spreiing og storleik på kreften. Vellykka kreftbehandling heng saman med kor tidleg kreften blir oppdaga. Derfor hjelper det å få raskt svar på korleis kreften responderer på behandlinga.