Legane: Ikkje møt opp om du er forkjølt eller luftvegssjuk. Ring oss.

FASTLEGAR:Andres Borkamo og Sissel Leth-Olsen på Førde legesenter. Foto: Ivar Bruvik Saetre
Legane på Førde legesenter har hengt opp skilt og ber innstendig om at ingen med forkjøling eller symptom på luftvegssjukdom møter opp fysisk.
Og føremålet er å avgrense smittespreiing både mellom pasientar og helsepersonell.
– Vi har eit sterkt behov for å halde oss friske og arbeidsføre. Blir vi sjuke, kan vi ikkje jobbe, seier fastlege Sissel Leth-Olsen på legesenteret i Førde.
Gjeld ikkje berre koronasymptom
Det dreier seg ikkje berre om korona. Om ei forkjøling, influensa eller annan luftvegssjukdom får innpass på legesenteret, kan resultatet bli det same: Ein redusert stab i ei krevjande tid.
Oppmodinga om å ikkje møte fysisk med slike symptom gjeld alle dei fire legesentera i Sunnfjord kommune.
På legesenteret i Førde har dei hatt fullt trykk sidan førre torsdag, då regjeringa innførte strenge koronatiltak. På torsdagen måtte dei handtere 700 telefonar på ein dag, og linja braut saman i fleire timar.
Oppi det heile blir folk framleis skadde eller sjuke uavhengig av koronaviruset. Legane prøvar å hjelpe alle som treng det, men visse prioriteringar må gjerast.
Leth-Olsen seier dei no reduserer all planlagt drift framover. Det vil seie ting som planlagde kontrollar, sjukemeldingar og fastlegetimar. Alt som kan løysast utan fysiske møte, blir gjort over telefon eller videosamtale.
– Men det er ikkje slik at vi er stengt, føler ho for å understreke.
– Dei pasientane vi faktisk må sjå, får sjølvsagt komme ned.
Det har skjedd at pasientar med luftvegssjukdom har møtt opp på venterommet, fortel fastlegen.
Sjuk? Ring først
Dersom du føler deg sjuk, kan du ringe ditt lokale fastlegekontor. Då kan dei vurdere om det er nødvendig med fysisk legetime eller telefon-/videotime.
Dei med luftvegsjukdom blir automatisk sendt vidare til legevakta, som har blitt oppbemanna for å ta unna undersøkingar i eit eige smittevernrom.
Leth-Olsen seier telefontrykket har letta litt sidan slutten av førre veke. Mange av spørsmåla innringarane kjem med, kan ein finne svar på hos koronasjekk.no, helsenorge.no, FHI om det gjeld smitte og nav.no om det gjeld sjukemeldingar.
Det kan vere lurt å sjekke om spørsmålet ditt allereie er besvart der før du ringer etter lege, for dei har mykje å gjere.
– Det er hektisk aktivitet døgnet rundt, og pasienthandtering er berre ein liten del av det. Vi har mykje møteverksemd, og det blir mange telefonar, meldingar i Messenger-grupper og e-postar hit og dit, seier fastlege Andres Borkamo på legesenteret i Førde.
Og omtrent i det han seier dette både ringer og plingar det inn meldingar på telefonen hans.
Kan ikkje jobbe heile døgnet
Han og Leth-Olsen ønsker også å minne om at legane ikkje er på jobb heile døgnet. Dei treng søvn og familietid, dei også. Plattforma som videolegetimane går føre seg på, er derimot alltid tilgjengeleg. Det fører til at pasientar oppsøker legen sin der til alle døgnets tider.
– Dersom folk ikkje får svar, håpar eg ikkje dei trur at videoen ikkje funkar. Men vi må ha kvile og sove ut etter vaktene, også, seier Leth Olsen.
– Vi oppmodar pasientane å ta kontakt innanfor kontortid. Vi opplever stor forståing hos pasientane som ikkje får komme til fysisk time. Eg ønsker å rose både pasientane for omsyna dei viser og råda dei følger. Vi opplever at folk er meir redde for å smitte andre enn sin eigen sjukdom. Våre medarbeidarar har ei imponerande evne til å yte det som krevst ekstra av oss i dag. Det set vi stor pris på.
Kommentarer til denne saken