Ferjetrøbbel på E39 Oppedal-Lavik

MF Ampere som går mellom Lavik og Oppedal er ute av drift måndag.

MF Ampere som går mellom Lavik og Oppedal er ute av drift måndag. Foto:

Av
DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Måndag føremiddag klokka 10.37 opplyste Vegtrafikksentralen Vest om redusert kapasitet på ferjestrekninga Oppdal-Lavik.

Dette skuldast at ei av ferjene har problem og er innstilt.

– Vi har problem med høg temperatur på kjølevatnet på MF Ampere, men reknar med å vere i gang igjen om eit par timar, fortel regionsjef for ferjer i Norled, Inge André Utåker klokka 10.50 måndag føremiddag til Avisa Nordhordland.

Frå klokka 12.40 var sambandet tilbake i ordinær drift.

Artikkeltags