Aksjonistar frå Natur og ungdom og lokalmiljøet har denne veka lenka seg fast til anleggsmaskiner og hindra Nordic Mining i å gjennomføre arbeidet dei har starta i Vevring. Gruveutbygginga på Engebøfjellet er svært omstridd, særleg på grunn av at gruveselskapet har fått løyve til å deponere gruveavfall i Førdefjorden.

Dei får støtte av Naturvernforbundet og Viken Natur og Ungdom som denne laurdagen arrangerer ei støttemarkering for Førdefjorden i Oslo.

Driftssjef Kenneth Nakken Angedal i Nordic Mining seier fredag til NRK at dei føler seg tvungne til å be politiet om hjelp. Selskapet har fått løyve til å starte førebuingar til utbygginga, men aksjonistane har gjort det klart at dei vil stoppe arbeidet anten det er rydding av skog eller oppsetting av gjerde.

– Difor har det no blitt politiet si oppgåve at vi får gjennomført lovleg arbeid på Engebø, seier Angedal.

Fleire aksjonistar har lenka seg fast til Nordic Mining sine annlegsmaskiner på Engebø i Vevring. Slik får dei tida til å gå under aksjonen. Video: Sanne Slåtten

Støttemarkering

Aksjonistane har lenka seg til anleggsmaskinene og dermed stoppa arbeidet. Tysdag sa Anne-Line Thingnes Førsund, lokallagsleiar for Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, til Firda at dette er siste utveg for å stoppe ein stor urett mot naturen.

Demonstrasjonstoget går frå Oslo S til Eidsvolls plass utanfor Stortinget, der det blir appellar.

– Vi meiner at driftsløyvet til Nordic Mining er ulovleg og vurderer å gå til retten for å få stansa dette. Gruveprosjektet er eit klart brot med EUs mineralavfallsdirektiv, noko som gir oss ein sterk sak, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet, i ei pressemelding.

Klage til vurdering

Saman med Natur og Ungdom og elleve andre organisasjonar har Naturvernforbundet klaga inn driftsløyvet til Nordic Mining til Nærings- og fiskeridepartementet. I tillegg er planane om gruvedumping også klaga inn til Eftas overvakingsorgan (Esa). Esa har førebels konkludert med at sjødeponia i Førdefjorden og Repparfjorden er i strid med EUs mineralavfallsdirektiv. Mykje tyder på at prosjekta også er i strid med EUs vassrammedirektiv, meiner Naturvernforbundet.

Tidlegare i veka opplyste Nærings- og fiskeridepartementet til NRK at klagesaka er til behandling og at eit vedtak kan ventast om ikkje lenge.

(©NPK)