Lat oss tenne våre lysande hjarte

HJARTE: Lyshjartene spreier seg. Foto: Bent Are Iversen
Det begynte i Førde. No spreier lyshjarta seg. I ei tung tid sender vi kvarandre teikn på håp, tru og kjærleik, skriv journalist Ole Johannes Øvretveit.
KommentarDette er ein kommentar, skrive av ein redaksjonell medarbeidar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Vi tenner våre lysande hjarte
Eit hjarte for alle som døyr
Eit hjarte for alle som gret
Eit hjarte for alle som er redde
Eit hjarte for dei einsame
Eit hjarte for dei som har mista jobben
Eit hjarte for dei som kanskje misser huset sitt
Eit hjarte for dei som ser livsverket sitt falle i grus
Eit hjarte for lærarar, som er dei første som blir sjuke
Eit hjarte for helsearbeidarar og bussjåførar og kassadamer og drosjesjåførar og alle dei andre som aldri veit om dei kjem friske heim frå jobb
Eit hjarte for polakkar som sit i grå linoleumsbrakker og stirar ut i regnet
Eit hjarte for dei som no er fanga i heimar dei ikkje har det godt i
Eit hjarte for studentar som sit einsame på hyblane sine i den triste, tomme byen
Eit hjarte for eldre som sit månad etter månad åleine, utan å få besøk
Eit hjarte for alle som saknar nærleiken
Som saknar å leve
Alle som snart ikkje orkar meir
Vi tenner våre lysande hjarte som ei melding til dei
For når alt er i spel og ingen ting er sikkert, har vi berre ein ting att:
Kjærleiken.
Omsorga for kvarandre.
Om det som berre er eit lysande hjarte.
Det er det vi har.
No.
Stå i det, folkens.
Ha trua, hald på håpet.
Redninga er ikkje langt unna no.
Lat oss tenne våre lysande hjarte i kveld.
DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir
Kommentarer til denne saken