Eit lasteskip skal onsdag morgon ha grunnstøytt ved Buefjorden, eit havstykke mellom Askvoll og Solund.
– Det er eit 60 meter langt lasteskip som har gått på grunn ved Skomakersundet. Redningsskøyta er på veg, og om dei ikkje er den enno er det der om nokre få minutt, seier Bendik Hansen, pressevakt i Redningsselskapet, til Firda klokka 09.05.
HRS Sør-Norge skriv på Twitter at situasjonen er under kontroll, og at det er ingen personskade.
Slik ser Buefjorden ut no, sett frå Hillersøy. Video: Vilde Ferah Molven
Det er Hovedredningssentralen som koordinerer operasjonen.
Redningsselskapet melde om hendinga på Twitter klokka 08.49.
Klokka 09.06 melder Hovudredningssentralen at både kystvakta og redningsselskapet er på veg for å slepe.
Lasteskipet er no under sleping.

Reiarlaget: – Ingen skadar på mannskapet
Har du tips eller bilde? Ring 57833333 eller send det til oss her.
Saka blir oppdatert.