Lastebilsjåfør sendt med ambulanse etter trafikkulykke på fv. 55

VELTA: Føraren av bilen skal vere lettare skadd etter at han velta med lastebilen tysdag føremiddag. Bilen skal ha komme opp på ein haug og velta.

VELTA: Føraren av bilen skal vere lettare skadd etter at han velta med lastebilen tysdag føremiddag. Bilen skal ha komme opp på ein haug og velta. Foto:

DEL

Vest politidistrikt melder at dei klokka 09.15 fekk melding om ei trafikkulykke ved Kvamshaug mellom Songdal og Hafslo.

Dei melder at ein lastebil har velta.

Ambulanse skal vere framme på staden, og politi og brannvesen er på veg.

Det var berre førar i lastebilen, og sjølv om ambulanse er kommen til staden melder politiet at det per no er ukjent skadeomfang.

Politiet melde litt seinare at det vart jobba med å få føraren av lastebilen.

Klokka 10.10 seier politiet at føraren av lastebilen er frakta frå staden i ambulanse. Han er bevisst, men har smerter i ryggen.


Artikkeltags