Lastebilsjåfør i 70-åra mista lappen i 50-sone

DEL

Up hadde måndag laserkontroll på fylkesveg 60 i Innvik. Dei målte farten til bilistar i ei 50-sone.

Ein lastebilsjåfør i 70-åra miste førarkortet etter å ha køyrt i 76 i 50-sona. Sjåføren er ifølge UP heimehøyrande i Rogaland.

I tillegg skreiv UP ut 9 forenkla førelegg til bilistar som køyrde for fort. Høgste målte fart hos desse var 73 kilometer ti timen.

Dei skreiv også ut eit forenkla førelegg for ulovleg mobilbruk.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken