Lastebilar sperrar vegar fleire stader

Bilberging fleire stader for å redde køyretøy i trøbbel.

DEL

Ein lastebil har fått problem på rv. 5 i Bøyadalen mellom Skei og Sogndal fredag ettermiddag.

Vegen er no stengt på grunn av bilberging. Det er venta at det vil ta mellom 15- 25 minutt, melder vegtrafikksentralen fredag ettermiddag klokka 13.05.

Også i Stryn er det trøbbel på vegane. Ein lastebil sperrar no fv. 5742 Panoramavegen ved Randabygd. Vegtrafikksentralen fekk melding om hendinga kl. 12.44.

– Bilbergar er på veg til staden no, seier John Andreas Omdal.

Vegen blir stengt under bilberginga.

Fv. 614 ved Magnhildskaret var stengt tidlegare i dag, men er no opna att.

Det er ingen gode omkøyringsvegar, så om du er i nærleiken må du nok belage deg på å vente litt.

Klokka 13.33 melder Vegtrafikksentralen at rv. 5 Bøyadalen er open for trafikk.

Artikkeltags