Gå til sidens hovedinnhold

Lastebil velta på riksveg 5 i Jølster

Fjærlandstunnelen var stengd på grunn av trafikkulykke på Jølster-sida. Tunnelen er opna igjen med manuell dirigering.

Det melder Statens vegvesen.

Torsdag føremiddag velta ein lastebil på riksveg 5, like ved Jølster-sida av Fjærlandstunnelen.

– Ingen er fastklemde, melder politiet som fekk meldinga klokka 10.13 torsdag.

To personar

– Det skal ha vore to personar i lastebilen, og begge kom seg tidleg ut av bilen. Ingen av dei vart skadde, seier, Eivind Hellesund, operasjonsleiar i Vest politidistrikt til Firda klokka 11.45.

Lastebilen ligg sidelengs og stenger eine køyrefeltet i vegen.

Politiet opplyser at det er ein betongsprøytebil som har velta..

– Den har ein tank med noko hydraulikkolje, men brannvesenet seier at det ikkje skal vere noko spesiell brannfare med oljen, seier operasjonsleiar i politiet, Bjarte Rebnord.

Politiet mistenker ikkje promillekøyring.

– Ut frå dei forklaringane vi har fått kan det verke som at føraren har vore uheldig og fått høgre hjul opp på høgre vegskulder. Føraren fekk bilen opp på vegen igjen, men bilen skar mot venstre og køyrde utfor på venstre side av vegen, seier operasjonsleiar Hellesund.

Ingen er skadd i uhellet, men politiet har oppretta sak.

Bilbergar er klokka 11.45 på veg til staden.

Dirigerer trafikken

– Vegvesenet stengde tunnelen slik at ein skulle unngå at det vart kø inne i tunnelen, seier Rebnord.

Tunnelen er opna igjen og det og like før klokka 12 er det manuell dirigering på staden.

TIPS OSSMMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Kommentarer til denne saken