Gå til sidens hovedinnhold

Lastebil utfor vegen i Bremanger: Førar sendt i ambulanse

Ein lastebil har køyrd utfor vegen på Fylkesveg 614.

[Firdaposten]: Ein lastebil har hamna utfor vegen på fylkesveg 614, melder politiet på Twitter.

Fylkesveg 614 går mellom Grov utanfor Florø og ferjeleiet Isane-Stårheim i Bremanger/Stad, og er hovudsambandsåra gjennom Bremanger kommune.

Ulykka skal ha skjedd like etter Eikelandstunnelen i retning Svelgen, opplyser ein tipsar.

– Helse og brann er på veg. Det er ikkje meldt om alvorleg personskade, opplyser Vest politidistrikt.

Føraren av lastebilen er sendt til lokalt legekontor i ambulanse for sjekk.

Vegen er open i begge felt, men den vil bli stengt i samband med bergingsbil.

Kommentarer til denne saken