Gå til sidens hovedinnhold

Lastebil trong berging. Fri ferdsel etter fem timar

Fv. 5653 over Lavikdalen vart onsdag ettermiddag stengd for større køyretøy.

Klokka 15.20 melde Vegtrafikksentralen at ein lastebil hadde fått problem i ein bakke nær Lavikdalen. Førde bilberging rykte ut med tungbergar og var på staden nokre timar etter.

Akkurat kor lastebilen stod kunne ikkje Vegtrafikksentralen svare på, men det var passering for vanlege personbilar.

Klokka 20.55 opplyste Vegtrafikksentralen at bilberginga var ferdig og at vegen igjen var open for fri ferdsel.

TIPS OSSMMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33