Vegtrafikksentralen Vest melder måndag kveld om glatt vegbane på rv. 5 mellom Førde og Sogndal. Nærare bestemt mellom Fjærlandstunnelen og Støylnsnestunnelen. Årsaka er at det er mykje oljesøl i vegen.

Trafikkoperatør Marianne Hove ved Vegtrafikksentralen Vest fortel til Firda at oljesølet vart meldt inn av ein bilist.

– Han melde å ha sett ein lastebil som køyrde litt utfor vegen og trefte eit markeringsskilt, seier Hove.

Treffet skal h øydelagt botnpanna på lastebilen, og bilisten fortalde at det deretter skal ha runne ein del olje frå køyretøyet.

Det er meldt å vere eit vegstykke på om lag 30 meter.

– Men no har vi ein entreprenør på veg til staden med oljeabsorberande materiale, så det vil snart bli teke hand om, seier Hove, som vidare fortel at dei også har fått brannmannskap på staden.

Det skal ikkje vere behov for trafikkdirigering og arbeidet med å reingjere og fjerne oljesølet vil ikkje by på trafikale problem, fortel trafikkoperatøren.