Like før klokka 20.00 melde Vest politidistrikt at ein lastebil ha blitt treft av stein og jord på riksveg 5 ved Marka i Florø. Dette er i nærleiken av nedkøyrsla til Fjord Base.

– Ein litt større stein skal treft frontrota. Eg har ikkje eit godt bilde på kor stor steinen er, men nok til å knuse ruta, seier Knut Dahl-Michelsen, operasjonsleiar ved Vestpolitidistrikt.

Ifølge politiet ser det ut til at steinen og jorda kan ha kome frå eit mindre ras eller steinsprang.

Lastebilen har fått knust frontrute, men føraren verkar fysisk uskadd.

– Det er mogleg at han har fått litt sjokk, seier operasjonsleiar og legg til at ambulanse er framme på staden.

På grunn av mørket er det vanskeleg for politiet og entreprenør og sjå om det er fare for fleire ras.

– Vi stenger vegen for å ta ein ny vurdering ved dagslys, seier Øyvind Russenes, politiet sin innsatsleiar på staden.

Vegen blir stengd mellom innkøyringane til Fjord Base. Omkøyring skjer via Brandsøyvegen på sørsida.