Fv. 609 ved Ulltang utanfor Førde er tysdag stengt grunna eit trafikkuhell.

Ein lastebil som er lasta med bilar står ifølgje politiets operasjonssentral «heilt på tverke» og sperrar i begge retningar.

BIlbergar skal vere bestilt, men vegen kan bli stengt i nokre timar, ifølgje politiet.

Omkøyring vert då via E39, fv. 57 Dale og Stongfjorden.

Firda kjem tilbake med meir.