Gå til sidens hovedinnhold

Lastebil står fast i tunnel i Bremanger

Klokka 09.41 tysdag morgon melde 110 Vest om at ein lastebil med tømmer kilt seg fast og tatt opp i tunneltak.

Uhellet skal ha skjedd i Litlevatnstunnelen på fv. 614 i Svelgen.

Lastebilen står fast, og er ikkje køyrbar. Det skal ikkje vere personskade.

Vest politidistrikt opplyser om at det skal vere passasje for personbilar.

Naudetatane er på veg til staden for kontroll, melder 110 Vest og Politiet på Twitter.