Fodnestunnelen på rv. 5 i Sogn vart tysdag føremiddag stengd, grunna at ein lastebil øydela eit hjul inne i tunnelen.
Det melde Vegtrafikksentralen Vest.
Det vart tidleg skissert behov for tungberging, og entreprenør vart sendt for å rydde vegbana.
Hendinga skjedde like før klokka 10, og det var då uvisst kor lenge berginga og ryddinga villa ta.
Klokka 10.21 melder Vegtrafikksentralen at vegen no er opna att for fri ferdsel.