Det melde Vest politidistrikt måndag klokka 09.36.

Ulykka skjedde på rv. 15 i Tonningsgata ved Bø i Stryn. Totalt tre personar var involvert i ulykka, opplyser politiet.

– Vi har fått opplyst at det skal ha vore relativt låg hastigheit då ulykka skjedde, seier Dan Erik Johannessen, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Vegen var delvis stengd ein periode, men klokka 10:13 vart vegen opna for trafikk igjen.