På fylkesveg 607 ved Hellebøstranda, to kilometer vest for Lavik ferjekai, sperra ein lastebil vegen.

– Lastebilen har fått tekniske problem, fortel Kjetil Larsen i Statens vegvesen.

Lastebilen sperrar vegen heilt og det er ikkje passasje. Bilbergar er bestilt.

– Vi veit ikkje kor lang tid det vil ta. Det er ein lastebil med gravemaskin så vi treng ein tungbilbergar for, seier Larsen.