Gå til sidens hovedinnhold

Lastebil med motorhavari stengde Frudalstunnelen

Rett før klokka 01.00 natt til tysdag fekk Vegtrafikksentralen vest ei melding frå ein lastebil i Frudalstunnelen på riksveg 5 mellom Jølster og Sogndal.

Lastebilen skal ha fått motorhavari inni tunnelen, og sperra vegbana.

– Sjåføren hadde sjølv ringt til bilbergar, og klarte å lappe motoren saman slik at den kom seg gjennom tunnelen, seier trafikkoperatør Brynjar Robertson i Vegtrafikksentralen vest.

Sjåføren var norsk statsborgar.

Tunnelen var stengd i ein kort periode frå klokka 00.50 til klokka 01.20.

– Vi fekk ikkje noko informasjon om lange køar. Vi hadde eitt vogntog som ringde inn og spurte kva som hadde skjedd, men det var det, seier Robertson.

Les også

Innsatsleiar: – Bebuarane sløkte sjølv brannen med sløkkeapparat

Les også

Aust-europear miste førarkortet i Våtedalen

Les også

Motorsyklist stakk av frå politiet i Førde

Kommentarer til denne saken