Lastebil køyrde av Fv 611

Vegen var stengt for større køyretøy i to timar.

DEL

Klokka 09.18 melde Vegtrafikksentralen vest at fylkesveg 611 mellom Andalen og Helle i Sunnfjord kommune var stengt for større køyretøy.

Ein lastebil kom ut i grøfta, og trong bilbergar for å kome seg opp igjen.

– Bilbergar er på veg, men det er sagt at det kan ta fleire timar, sa trafikkoperatør Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen vest, klokka 09.19.

Vegen var ikkje stengt for personbilar.

– Vanlege personbilar kjem seg forbi lastebilen, seier Erikstad.

Klokka 11.08 melde Statens vegvesen at vegen var open for trafikk igjen.

Artikkeltags