Gå til sidens hovedinnhold

Lastebil i fjellveggen i Nordfjord

Ikkje meldt om personskade.

Klokka 10.30 onsdag føremiddag fekk politiet melding om eit trafikkuhell mellom Loen og Stavenestunnelen.

Dette melder Vest politidistrikt.

Ein lastebil skal ha køyrt i fjellveggen. To personar var i bilen, begge er medvitne og ute av køyretøyet. Operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt, Terje Magnussen, fortel at éin person kan framleis vere i bilen.

– Det er meldt om at begge er ute, men det verkar som éin framleis er i bilen. Ingen skal vere fastklemde, seier han.

Det er ikkje meldt om noko personskade. Alle naudetatane er framme på staden.

Magnussen fortel at det er ein semitrailer som er involvert i ulykke og at det skal ha skjedd i låg hastigheit. Trafikken flyt greitt på staden.

– Det er noko dirigering og bilbergar er bestilt, seier Magnussen.