Lastebil i brann inne i Frudalstunnelen – kolonnekøyring sidan 16-tida

Frå utsida av Frudalstunnelen, på Frudal-sida. Bilbergar har henta ut køyretøyet som brann.

Frå utsida av Frudalstunnelen, på Frudal-sida. Bilbergar har henta ut køyretøyet som brann. Foto:

Brannen er no sløkt og det er opna for kolonnekøyring gjennom tunnelen.

DEL

Klokka 16.12 melde Vegtrafikksentralen at tunnelen er opna for kolonnekøyring. Klokka 17.00 er det meldt at bilbergar er på veg inn i tunnelen. Det vil framleis vere kolonnekøyring.

Trafikkoperatør Andreas herland ved Vegtrafikksentralen vest fortel til Firda klokka 19.18 at ryddearbeid framleis pågår etter brannen, men at køyretøyet som brann er frakta ut av tunnenelen.

– Tunnelen var stengt fram til 16.12, då starta vi køyring med ledebil, seier Herland.

Ledebilen har frakta 30 bilar i slengen, og det har vore litt kø på staden. Det totale omfanget av køen er ikkje Herland kjent med.

Nøyaktig når vegen vil verte opna att veit han ikkje, men ettersom at køyretøyet er ute, tippar han at det vil bli opna om ikkje altfor lenge.

Byrja å brenne ein kilometer inne i tunnelen

– Det er brann i ein lastebil om lag 1 kilometer inne i Frudalstunnelen. Det er ukjent skadeomfang, melde Vest politidistrikt like før klokka 14 måndag.

Det vart sendt store ressursar mot staden, og politiet bad om forståing for at dei ikkje visste noko meir akkurat då, og at dei ikkje kunne svare på pressetelefonen.

Alarmsentralen i Florø kunne svare:

– Første meldinga vi fekk var at ein trailer stod i brann om lag ein kilometer inne i tunnelen frå Fjærland-sida i den om lag 7 kilometer lange tunnelen. Vi har sendt brannmannskap. Dei er på veg frå begge sider av tunnelen, sa vaktleiar Terje Brandsøy.

Alle skal vere ute av tunnelen

Han seier dei heile tida har hatt kontakt med innringar.

– Vi har nettopp fått melding frå innringar om at brannen er sløkt, men vi sender likevel brannmannskapa inn for å vere sikre, sa Brandsøy.

– Er det fleire bilar inne i tunnelen?

– Dei opplysningane vi har er at alle andre bilar har komme seg ut.

– Veit du om det er mykje røyk i tunnelen?

– Visst det er røyk vil den nok følge nedoverbakken ut av tunnelen på Fjærland-sida, seier Brandsøy klokka 14.10. Då var ikkje brannfolka komne fram til staden.

Statens vegvesen melder at Frudalstunnelen på riksveg 5 i Sogndal kommune er stengt på grunn av brann i eit køyretøy.

Brannen er sløkt

Klokka halv tre melde politiet at brannmannskap var inne i tunnelen og framme ved køyretøyet. Brannen skal ha vore sløkt før dei kom fram.

Det er ikkje lenger røyk i tunnelen, men han er framleis stengd medan det føregår bilberging. Tungbilbergar er på veg fram til staden.

Ifølge politiet skal det ha brunne i tilhengaren på ein lastebil som frakta boss.

Artikkeltags