Gå til sidens hovedinnhold

Lastebil har køyrt av E39 i Jølster

Ein lastebil har køyrt av vegen ved Bjørset langs Jølstravatnet.

Det melder Vest politidistrikt på Twitter like før klokka 10.00 onsdag.

Det er ikkje meldt om personskade, og det er heller ikkje meldt om trafikale problem.

Klokka 12.50 melde Vegtrafikksentralen at E39 vart stengt i ein kort periode grunna bilberging. Klokka 13.15 er vegen open for fri ferdsel.