Rundt 13.40 melde Vegtrafikksentralen om hendinga. Det vart først meldt at over 200 liter med diesel skal ha lekt ut, men politiet fekk opplyst av lastebilsjåføren at det var snakk om 40–50 liter.

Lastebilen står i nærleiken av Bergstunnelen på Rv. 5 i Fjærland.

Fjærlandstunnelen og Bergstunnelen er no open for trafikk etter å ha vore stengd. Det vert manuell dirigering på staden, opplyser Frode Kolltveit i Vest politidistrikt til Firda klokka. 14.10.

Det er ikkje klart kva som er årsaka til at lastebilen byrja å lekke diesel, seier Kolltveit.

Politiet melder at lastebilen var på veg mot Skei. Vegbana kan vere glatt og entreprenør frå Statens vegvesen er på veg til staden.

Klokka 14.05 melder Vegtrafikksentralen at Bergstunnelen er open for fri ferdsel. Rundt 14.15 opna Fjærlandstunnelen for trafikk.

Politiet melder at mesteparten av sølet ligg i køyrefeltet mellom Bøyum og Fjærland.