Gå til sidens hovedinnhold

Lastebil fekk varmgang i bremsene – måtte stenge tunnel

Artikkelen er over 1 år gammel

Like etter klokka 06.00 fredag melde brannvesenet ifrå til Vegtrafikksentralen at det stod ein lastebil like før inngangen til Onstadtunnelen på E16 i Aurland.

Årsaka til at den stod der var at det hadde fått varmgang i bremsene.

Brannvesenet rykte ut og bad Vegtrafikksentralen om å stenge tunnelen, ettersom dei ikkje visste om lastebilen hadde tatt fyr.

Lastebilen stod på Flåm-sida av tunnelen.

Klokka 06.27 hadde brannvesenet fått lastebilen ut av vegbana, og tunnelen opna att. Men det vil vere behov for berging seinare og då vil vegen igjen bli stengd, opplyser Vegtrafikksentralen like før klokka 07.00.

– Vi er smerteleg klar over vêr og føre. Køyr etter forholda!

TIPS OSSMMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Kommentarer til denne saken