Lars Sponheim har søkt avskjed frå stillinga som Statsforvaltar i Vestland frå 1. juni.

Det vert meldt på Stasforvaltaren sine nettsider.

Den tidlegare mangeårige Venstre-leiaren og stortingsrepresentanten gjekk etter politikken over i jobben som fylkesmann i Hordaland. Der sat han i åtte og eit halvt år, før han etter fylkessamanslåinga gjekk over i jobben statsforvaltar i Vestland.

Etter tre og eit halvt år i denne stolen har han no altså signalisert at han vil gi seg, og ifølgje Statsforvaltaren sine nettsider ser han no fram til å bli pensjonist og gardsdreng.