Gå til sidens hovedinnhold

Lærdalstunnelen vart stengt då lastebil med hestar fekk motorstopp

Tunnelen er open igjen.

Vegtrafikksentralen Vest meldte søndag klokka 19.29 om ein tunnelstenging av det nokså spesielle slaget.

Ein lastebil med hestar fekk motorstopp inne i Lærdalstunnelen på E16, og tunnelen vart stengt.

Hestane som vart frakta måtte lastast om i ein annan lastebil før ein kan opne tunnelen att. Dette var venta å ta mellom 30 og 60 minutt, og Vegtrafikksentralen fekk rett:

Klokka 20.23 melder dei at Lærdalstunnelen er open igjen.

Kommentarer til denne saken